Vang folkebibliotek opnar måndag 18. mai

Vang folkebibliotek opnar igjen, men med restriksjonar.

 I fyste omgang er det berre ope for utlån og innlevering. Det er ikkje mogleg å opphalde seg i bibliotekets lokalar utover dette. For å sleppe inn må folk ringe på dørklokka. Berre vaksne får kome inn, og det er avgrensa til fem personar om gongen. Alle må halde seg til generelle smittevernreglar, og ikkje kome om man er sjuk eller i karantene.

Opningstida er som vanleg:
Måndag og tysdag             kl. 15 - 19
Onsdag                                kl. 10 - 16
Fredag                                 kl. 12 - 16
Laurdag                               kl. 11 - 16

For dei som ikkje ynskjer å kome inn held vi fram med hentebibliotek utanfor biblioteket mellom kl. 14:00-1600 alle dagar unntatt torsdagar.

For å bestille bøker eller ved spørsmål, ta kontakt med biblioteket på facebook, send e-post til biblioteket@vang.kommune.no eller ring til tlf. 613 69 426.