Vaksineringsstatus i Vang kommune – veke 19

 Totalt er no 177 personar fullvaksinert og 477 har fått den fyrste dosa (per 11.05.2021).  

Vang kommune vil få lite vaksinar i veke 20 og 21, berre 49 dosar kvar veke. Mesteparten av desse går til 2. dose vaksinering. Vi håpar at det blir sendt fleire vaksinar frå veke 22. Intervallet mellom 1. og 2. dose blir auka til inntil 12 veker. Det er ikkje tilbakeverkande kraft og gjeld berre dei under 65 år som ikkje har underliggjande sjukdom.

Dei som har fått AstraZeneca som 1. dose får mRNa som 2.dose. FHI tilrår 12 veker mellom desse to. Dei som ikkje har fått time til 2.dose vil bli kontakta så snart me har oversikt over kor mange dosar me får.

Gravide kan no bli vaksinert, det blir vurdert av fastlegen.

Nasjonale helsemyndigheiter avgjer kor mange dosar med vaksine kommunen får kort tid før utsending. Tempo på vaksinering blir bestemt av kor mange vaksinar kommunen får, det er difor utfordrande å sei når ulike grupper blir vaksinert. Vang kommune følgjer nasjonale retningslinjer om kva for nokre grupper som blir prioritert fyrst.

Oppdatert statistikk om koronavaksinasjon i Noreg kan du finne her.

Du kan følgje med på vaksineringsscenario ved å følgje denne lenka.