Teaterkurs

Tør du? Vang kulturskule starter opp eit monologkurs i teater på Åsvang  på fredagar framover til jul.

Utgangspunktet er at du er åleine på scena, alt er innøvd men for dei som høyrer på kan det verke som det er improvisatorisk. Vi øver kvar fredag framover mot ei framføring fredag 11.desember. Kurset er gratis og er eit resultat av kreativitet i vår Koronatid. Ta kontakt med rektor i Vang kulturskule gjerne via Vang kommune si heimeside, om du ønsker å vera med. Her er og søknadslink. Fyrste fredag er 30.oktober.