Skutshorn vil bli kontinuerleg overvaka

NVE har i møte den 28. juni 2022 informert Vang kommune om skredfare frå fjellet Skutshorn. Norges geologiske undersøkelse (NGU) har kartlagt fjellpartiet sidan 2018  og det er basert på desse undersøkingane ein har denne nye kunnskapen.

Skutshorn er i dag under periodisk overvaking, men basert på NGU sine undersøkingar vil NVE starte med kontinuerleg overvaking. Eit større fjellskred frå Skutshorn kan føre til flodbølgje i Vangsmjøse som kan få store konsekvensar for busetnad langs heile Vangsmjøse. Skutshorn blir det tiande fjellpartiet i Norge som blir overvaka døgnet rundt. Sjå informasjon kontinuerleg overvaka fjellparti i Norge her.

-Det er godt å vite at Skutshorn vil bli kontinuerleg overvaka, seier ordførar Vidar Eltun. -Det er ikkje nytt for oss at det går ras i dette området, men det er likevel noko overraskande at det er eit større parti av fjellet som er i rørsle. Kommunen vil no setje seg inn i arbeidet som er gjort og sjå på kva konsekvensar dette kan få for områda rundt Vangsmjøse på kort og lang sikt, både innanfor arealplanlegging og beredskapsarbeid.

NGI vil i løpet av hausten 2022 kome med faresonekart, endeleg rapport frå NGU er også venta då. Vang kommune vil leggje ut ny informasjon i løpet av hausten så fort faresonekart og rapport er ferdig.

NVE si pressemelding om kontinuerleg overvaking av Skutshorn kan du lese her.

Kontaktpersonar i kommunen er:
Ordførar Vidar Eltun, fungerande kommunedirektør Guro Råheim Kvam og kommunalsjef landbruk og teknisk Morten J. Johansen.