Overgang til digital post frå Vang kommune!

Kommunane i Valdres vil frå 15.06.2018 sende brev digitalt. Vi oppmodar alle innbyggjarar og andre som er i kontakt med kommunen om å opprette ein sikker digital postkasse.

Ved å opprette digital postkasse

  • får du post digitalt på ein sikker og raskare måte
  • får du post frå det offentlege på ein stad
  • sparar du miljøet og reduserer offentlege utgifter

Dette betyr følgjande for deg:

  • Om du har oppretta digital postkasse (Digipost eller e-Boks)

    Du vil umiddelbart motta brev frå oss i di digitale postkasse.

  • Om du ikkje har oppretteadigital postkasse

    Du vil inntil vidare motta brev frå oss i Altinn. Dersom du ikkje opnar brevet der, vil brevet etter nokre dagar bli sendt ut som vanlig post. 

  • Om du har reservert deg mot digitale post

    Du vil motta brev frå oss som vanlig post.

Slik skaffar du deg digital postkasse

Du kan velgje mellom to postkasser - Digipost eller e-Boks. Postkassene er likestilte og båe tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. Den største skilnaden mellom dei to løysingane er kva for private verksemder du kan motta digital post frå. Postkassene har også ulikt design og noko ulik funksjonalitet. Dette kan du lese meir om på nettsidene til dei to postkassene. Du kan enkelt bytte digital postkasse seinare om du ynskjer dette.

For å komme i gang:

  1. Finn fram din elektroniske ID (e-ID), til dømes BankID.
  2. Velg enten Postens Digipost eller e-Boks
  3. Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse. 

Du vil då motta ein SMS frå Difi som stadfester ditt valg av postkasse. 

Om du ynskjer at andre skal ha tilgang til di digitale postkasse, til dømes ektefelle eller barn, kan du gje tilgang. Den du gjev tilgang til, må ha postkasse hos same postkasseleverandør som deg.

Slik opnar og les du posten din

Du treng ikkje sjekke om det er kome brev frå det offentlege i den digitale postkassa di. Kvar gong kommunen sender post til deg, får du varsel på SMS eller e-post. For å opne og lese posten din, går til du til nettsidsa til den postkasse du har vald. Du logger deg på med same innlogging som når du sjekker sjølvmeldinga eller bruker andre offentlege tenester på nett.  Du kan også laste ned «app» frå både Digipost og e-Boks for enkelt å lese brev på mobil eller nettbrett.

Altinn for næringslivet, e-Boks og Digipost for innbyggjarane 

Altinn vil i framtida bli brukt for næringsdrivande. I ei periode framover vil Altinn bli brukt parallelt med digital postkasse. Eit døme er sjølvmeldinga, som du framleis finn i Altinn. Målet er at all digital post fra det offentlege til innbyggjarane skal gå til den digitale postkassa di.

Treng du hjelp?

Både Digipost og e-Boks har brukarstøtte.