Markering av 8. mai i Vang

Over heile landet heidrar me alle som har gjort og gjer ein innsats for fred og fridom på frigjerings- og veterandagen.

Vang kommune inviterar til markering ovanfor Vangstunet.

Vi minner om at det totale talet på deltakarar er 50 personar. Alle må halde god avstand jamfør hygieneråda frå styresmaktane.

Om det er mykje folk til stades, oppfordrast publikum til å halde seg i bilen.

 Program:
Kl. 10.00: Ordføraren taler og legg ned blomar ved 1814-minnesteinen ovanfor Vangstunet. Markeringa publiserast på kommunens Facebookside seinare.

Kl. 19.00: Fjellblom musikklag held minikonsert på Vang barne- og ungdomsskule. Helsing frå ordføraren. Ope for publikum innanfor gjeldande smittevernreglar.