Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2026

Planen skal vere eit verktøy for å styre utviklinga av anlegg og område for idrett og friluftsliv. Planen har som  formål å bidra til å oppretthalde og styrke befolkninga sin fysiske aktivitet som vidare fører til betre fysisk og psykisk helse.

Kulturdepartementet stiller krav om at kvar kommune utarbeider ein tematisk kommunedelplan for fysisk aktivitet som grunnlag for behandling av spelemidlar.

  • Planen må vere i tråd med myndigheitene sine krav til kommunedelplan for idrett og friluftsliv.
  • Registrere noverande anlegg og aktivitet i kommunen
  • Analysere langsiktige og kortsiktige anleggsbehov med tanke på sikring av areal og utbygging av anlegg.
  • Setje opp ei prioritert liste over utbygging dei næraste fire åra med overslag over kostnader og finansiering.
  • Rekne og gje eit overslag over driftsinntekter og driftskostnader (anlegg)

Planen byggjer vidare på eksisterande plan: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2019 – 2022.

Planen vart godkjent  i Vang kommunestyre 15.desember 2022.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2023 - 2026 (PDF, 2 MB)