Informasjon om gjerding

Vanleg gjerdehald utanfor offentleg veg og jernbane er regulert av lov om grannegjerde. Private avtalar går føre lova, dersom avtalane ikkje er i strid med lova. Les meir om gjerdehald her.


Gjerding rundt fritidseigendomar:

Reguleringsplaner har ofte særskilte føresegner om gjerde. Du må sjekke om særskilte føresegner gjeld eigedomen din.

Mattilsynet har ansvar for tilsyn med dyrevelferd. Med bakgrunn i Lov om dyrevelferd tillet dei ikkje bruk av mellombels gjerde t.d. under bygging eller medan nysådd plen set røter.  For å minske risikoen for at dyr hengjer seg fast, skal gjerdet vera fast og varig. Det tyder at ingen bruk av tråd eller plastnettinggjerde er tillate, verken med eller utan straum. Straumgjerde er kun for landbruket og for halde dyra på plass.


Gjerding rundt landbrukseigendomar:

Ein kjem ikkje unna gjerdeplikta sjølv om ein sluttar med dyr og/eller leiger bort jorda. Gjerdeplikta kviler nemleg på grunneigaren som eig eigedomen. Å eiga ein gard fører med seg plikter, ikkje berre rettar. Ein henstiller til grunneigarane i Vang om å sjå over gjerda sine og ev. farlege bygningar før beitesesongen tek til. Dårleg gjerde kan føre til skade på beite dyr og at dei kan koma ned i bygda.

Når gjerde ikkje blir halden vedlike, skal farleg gjerde fjernast. Det same gjeld for farlege bygningar. Grunneigar er ansvarleg for vedlikehaldet og at arbeide blir gjort. Det kviler erstatningsansvar for skadar som oppstår som fylgje av manglande vedlikehald av bygningar og gjerde.

Mattilsynet kan gjera vedtak om fjerning eller istandsetjing av gjerde og/eller bygningar som er til fare for beitande bufe etter pålegg, jf. § 15 i dyrevelferdslova:

«Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes vedlike slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenningen og belastninger»

Gjerding oppført etter 2010 skal det ikkje nyttast piggtrå. På gamle gjerder der det er nytta piggtrå må den haldast vedlike. Kommunen anbefaler derfor å ta vekk piggtråen.
Farlege gjerde eller bygningar kan meldast frå til landbrukskontoret. Kommunen melder då skriftleg til ansvarleg grunneigaren og gje ein frist på 14 dagar med å ordna opp. Dersom det ikkje er gjort noko innan fristen, vert saka oversendt til Mattilsynet.  Mattilsynet kan òg bruka «opptrappande» verkemidlar t.d. tvangsmult.

Hugs å vedlikehalde gjerdet og vegetasjonen rundt!

 

Vang kommune, Vang Bondelag, Vang Bonde- og småbrukarlag, beitelaga i Vang og Mattilsynet ynskjer ein god sumar.

Her er temaside med informasjon om beiting og gjerding.