Bookingsystemet til Vangshallen har kollapsa.

Klikk for stort bileteDet blir no jobba med å skaffe ein ny leverandør av booking-program.

I og med at me har mista all informasjon på bookingsida vår, gjer me oppmerksam på kan det oppstå dobbel-bookingar, eller at bookingar rett og slett har blitt borte.

Me ber om forståing for slike ting, og at dette kan ta litt tid å få ordna opp i.

Det blir no registrert bookingar på eit Excell-ark.

Ove Martin har no hovudansvaret for dette arbeidet, saman med Leif Jan.

Me ber om at alle som har spørsmål vedrørande booking kontaktar desse to i arbeidstida:

Måndag - fredag kl. 08.00 til 15.00.

Ove Martin: Mobil 95045055, eller på epost: ove.martin.stende@vang.kommune.no

Leif Jan: Mobil 90107033, eller på epost: leif-jan.hammerstad@vang.kommune.no

Vær snille å bruke desse kanalane, og ikkje andre sosiale media i dette arbeidet.

Det me ber om er:

  1. Kva for lokale som er ynskjeleg å booke. (Eventuell stadfesting av allereie booka lokale.)
  2. Kven som bookar. Navn og mobilnummer samt epostadresse til ansvarleg leigetakar.
  3. Aktivitet.
  4. Tidsrom: Dato/dag, klokke frå/til.
  5. Om det er eit eingongs-arrangement, eller ei repeterande hending. (Frå dato til dato.)