Bokfinkene kjem til Vang!

 Tysdag 16. mars kl. 19 kjem Bokfinkene flygande frå Toten og inn på lerretet på Vang folkebibliotek. Med seg under vengene har dei KRIMINELT gode lesetips til påske!  

Litteraturformidlarane Nina Egge og Ingvill Solberg vil presentere både rykande fersk og eldre krim for innbyggarane i Vang. Egge og Solberg flyg hit over nettet, medan vi kan samle 10 personar her hjå oss, sjølvsagt med god avstand imellom. 
Ynskjer du å sikre deg plass? Meld deg på til 61 36 94 26 eller biblioteket@vang.kommune.no. Det er fyrstemann til mølla som gjeld. Vi slepp deg inn om du møter i døra og det ikkje er fullt, men tør du satse på det? ;)