Kva er eit godt driftsresultat?

Årsmeldinga og årsoppgjeret for 2024 vart vedteke i kommunestyremøtet den 19. juni, med eit driftsunderskot. Driftsunderskot er ikkje bra, men kva fekk vi i Vang for alle pengane vi brukte, eigentleg? 

Eg vil her nemne nokre område eg har merka meg, område som utgjer ein forskjell for dei som treng desse tenestene. Oppvekstvilkåra til barna er styrka. Å bidra til at alle ungar kan få ein så god oppvekst som mogleg, er av det viktigaste ein kommune kan gjere. Vi har ei trygg og god skulefritidsordning for barn, der om lag 60 ungar har delteke. Skulehelsetenesta har fått meir ressursar. Skulen vår har høg lærardekning og lærarar med rett kompetanse, eit godt grunnlag for elevane si læring. Skulen får rom til å satse på aktivitetar og sterke opplevingar i naturen. Dette er viktig for ungane våre, og eg er overtydd om at ungar som har gode opplevingar frå heimstaden sin, lettare vil flytte attende til Vang. Ein vinn-vinn-situasjon. Det er òg prioritert å ha ungdomsklubb og eige arbeid retta mot ungdommen. 

Vang har gode helse- og omsorgstenester. Vi har institusjonsplassar for dei som treng det, vi har Lund arbeidsbase, og førebyggande folkehelsearbeid som utgjer ein positiv forskjell for mange. I tillegg blir det planlagt nye omsorgsbustadar. Kulturskulen hadde 60 elevar, noko som var ein auke på 50 % frå året før. Og i Vang har vi lag og foreiningar som bidreg til auka livskvalitet, godt støtta av Vang frivilligsentral. Vi har òg eit av landets beste bibliotek, med mange arrangement. Det førebyggande arbeidet med folkehelse, møteplassar og livsmeistring i alle livets fasar er prioritert, og for mange avgjerande for deira livskvalitet. Ved Vang læringssenter blir det gjeve språkopplæring, og dei bidreg til at mange får løna arbeid og finn sin plass her i Vang. 

Innanfor arbeidet med bustad- og næringsutvikling er det tilsett ny rådgjevar. Nesten 5 millionar vart tildelt til 16 ulike bustadprosjekt, der fleire av prosjekta inneheld fleire bueiningar. Dette gjev grunnlag for at folk kan finne seg ein plass å bu. Aktiv tildeling av næringsstøtte til fleire bedrifter og gründerar, og ikkje minst har vi gode støtteordningar for landbruket. 

Ei utfordring for Vang er at ein del av det private næringslivet vårt er svært konjunkturutsett. Når hyttebygginga rammast, er det utfordrande for bygg- og anleggsbransjen. Likevel ser vi at arbeidsløysa har vore låg og folketalet har vore stabilt siste året, eller hatt ein liten vekst. Det er gledeleg. Å skaffe Vang fleire og mindre konjunkturutsette næringar vil vera eit tema når vi skal diskutere korleis vi skal nytte næringsstøtta framover. Det er godt å kunne seie at no er reinseanlegget på Tyinkrysset utbetra og i full drift att, og ulike reguleringsplanar er anten godkjente eller i prosess. 

Det er utfordringar med store investeringar, mellom anna i vatn og avlaup, høg rente og auka driftskostnadar. Men alt i alt har vi som bur i Vang gode tenester og tilbod. Som ordførar er eg takksam for alle dei flinke folka som arbeider i kommunen og som bidreg kvar dag. Vi må erkjenne at det er godt å bu i Vang. Vi har eit høgt tenestenivå som alle nyt godt av. Om vi tek vare på Vang og framsnakkar kvalitetane vi har, ligg alt til rette for å kunne ha gode liv her. Kommunen arbeider aktivt med rekruttering, og mangelen på kvalifisert arbeidskraft er merkbar òg i Vang. For å styrke rekrutteringa er det lagt ekstra ressursar i arbeidet med lærlingane våre, slik at dei får det så bra som mogleg. Lærlingarbeidet er ei fellessatsing med næringslivet, eit arbeid ungdommane har gjeve namnet Futurizing Vang. 

Vi kan ikkje halde fram å drive med underskot, men den største utfordringa er likevel ikkje økonomien, det er mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Vi lyt difor, i tillegg ta vare på verdiane våre, legge ressursar i å rekruttere folk og skape bu- og blilyst. Vi skal sjølvsagt halde orden i økonomien vår slik at vi og frametter kan tilby gode tenester og trivsel for innbyggarane våre.   

Jørand Ødegård Lunde, ordførar