Haustferieaktivitetar i Vang

   Vang frivilligsentral med fleire inviterer til haustferieaktivitetar!

Tysdag 12. oktober blir det Handarbeidsverkstad på Vang folkebibliotek kl. 12 – 15. Her er det husflidslaget som byr på perling, veving, teikning og hekling. Målet er at ungane kan lage ting som kan seljast til inntekt for TV-aksjonen veka etter! Temaet i år er barn, ikkje brud, altså kampen for at ungar skal få vere ungar og ikkje giftast bort. Då er det flott å synleggjere tematikken gjennom gode aktivitetar og leik.

Torsdag 14. oktober blir det Aktivitetsdag utanfor VBU kl. 12 – 15. Då skal vi leike og spele spel frå BUA! Det blir disc-golf, kjempe-mikado, kubb, slengtau og strikk, og læringssenteret stiller med matservering.

Aktivitetane er i hovudsak for ungar i skulealder. Dei minste bør ha med seg ein vaksen. Velkomne skal de vere!

Disc golf