Vang kommune har i sitt budsjett for 2026 sett av ei samla ramme på 3 millioner kroner, for å møte søknader frå verksemder i Vang om tilskot til tiltak og aktivitet som fremjar prioriterte satsingsområde i vedteken kommuneplan - samfunnsdelen.
Formannskapet har i møte den 16. januar d.å. fordelt budsjettramma slik:
Næringsutvikling: kr. 1 200 000,-.
Oppfølging av kommuneplanen sin samfunnsdel: kr. 800 000,-.
Bustadføremål: kr. 1 000 000,-.
Har di verksemd planar om aktivitetet og tiltak som går ut over drift og vedlikehald er det høve til å sende ein søknad om midlar frå fondet. Merk og at søknader om tilskot må vere sendt kommunen før oppstart og gjennomføring av tiltaket. Retningsliner for tildeling av tilskot finn de HER.
Nemner og for ordens skuld at det ikkje er høve til å skje om tilskot til:
• sletting av gjeld
• finansiering av den ordinære drifta av verksemda
• finansiere vedlikehaldskostnader
• finansiere lausøyre, maskinar, køyretøy m.v.
Ta elles gjerne kontakt med næringsrådgjevar Erling Oppheim ved spørsmål eller for å drøfte søknaden før oversending til kommunen.