Vaksineringsstatus i Vang kommune – veke 26

 I Vang kommune har me så langt vaksinert 731 personar med fyrste dose og 494 personar med andre dose.(per 01.07.2021)

Kven sin tur?

Dei to fyrstkomande vekene, veke 27 og 28, får me omlag 100 vaksinedosar totalt. Me vil då vere godt  i gang med gruppe 9 som er alderen 45 – 54 år. Det er venta at denne gruppa er ferdig vaksinert i løpet av veke 29/30. Etter det startar me på gruppe 10 som er alderen 18-24 år og 40-44 år.

Tilsette i barnehage og lærarar blir vaksinert parallelt, dei er prioritert med 10% av dei dosane kommunen tek imot kvar veke.  

Vang kommune vil ringe deg når det er din tur til å få vaksine og avtaler tidspunkt med deg. Tidspunkt for dose to blir avtalt når du får fyrste dose.

 

Nyleg flytt til Vang?

Om du nyleg har flytt til Vang ber me om at du tek kontakt med legekontoret på fredagar, tlf. 61369500, for å bli registrert.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Vang legekontor på tlf. 61369500 fredagar.