Temakveld om mat i Vang

Kvelden startar med ei samtale med Mia Frogner. Ho ga nyleg ut kokeboka "Mer Enn Mett" (Frisk Forlag) som er stappfull av lekre matrettar og gode tips til eit smaksrikt plantebasert kosthold. Mia er kokebokforfattar, matbloggar (Green Bonanza) og jobbar som miljø- og matsjef for Øyafestivalen. "Økt bevissthet - ingen pekefinger" skriv Mia, og ho vil kome med nyttige matlagingstips og snakke om sine synspunkt på mat, miljø og kosthold.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Vidare følgjer ein prat med Mias forleggjar Lennart-Krohn Hansen. Han har kjøpt eit småbruk i Kjørlien med sambuaren Ragnhild, og driv "Frisk Forlag" her frå Vang. Forlaget har gitt ut ei rekke bøker om helse, ernæring og mat, med stor suksess.    

"Maten vår handler ikke bare om klima, den handler også om miljø og natur, om arbeidsplasser, om kulturlandskap, om tradisjoner og matkultur." skriv Mia Frogner i "Mer Enn Mett". Kvelden vert avslutta med ei panelsamtale om akkurat dette. 

For korleis kan lokale bønder i Vang dra nytte av eit kosthold som blir meir plantebasert - og kor forbrukarane stiller høgare krav til maten dei spis og kjøtet dei kjøper? Kva slags landbruk ønskjer vi oss i framtida?

I panelet sit:

Hilde Lysengen Havro, debattleiar i Nationen og påtroppande redaktør for Avisa Valdres.

Kjell Gudmund Svien, lokalmatprodusent og gardbrukar i Tyinlam.

Randi Ødegården, lokalmatprodusent og gardbrukar i Valdres Killing.

Ordstyrar er Julie Forchhammer, lokalmatentusiast og tidlegare Vinjerock-sjef.

I haust har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73. Blir det ikkje fullt kan du også møte i døra.

Det blir enkel bevertning. Vel møtt!