Odd Vidme tildelt positivprisen 2019

Ein fullsett sal i biblioteket fekk i går kveld høyre Kjell Bitustøyl orientere om reinsdrift i Vang og samane si betydning for reindrifta opp gjennom historia. Deretter viste Anders Lundberg fram fantastiske bileter frå Filefjell; natur, dyreliv og planteliv. Som avslutning på bokkvelden, stod tradisjonen tru utdeling av positivprisen for tur.

 Prisen gjekk i år til Odd Vidme. Han har arbeidd 47 år i politiet og vore lensmann i Vang sidan 1986, og fram til no hausten 2019. Prisvinnaren har arbeidt med å hjelpe andre. Ofte heilt i det stille, men med god og stødig hand. Sjølvsagt noko  utifrå si stilling, men mest fordi han rett og slett har eit stort hjarta for dei som kan trenge hjelp iblant. I tillegg har han opplevd mykje sjølv, som gjer til at han ofte veit kva den som treng hjelp treng av ord og støtte.

Når den/dei som har fått hjelp er på rett veg att, trekkjer han seg sakte og beskjeden tilbake. Men du kan bli invitert heim til han på pizza, eller han stikk innom for å høyre korleis det går med deg.
Ein raus mann med eit stort hjarte som er eit føredøme for oss alle. Prisvinnaren kjem innbyggarane i bygda si i hug på ein positiv måte utan tanke på eiga vinning.

Han er ein lagspelar og lett mann å samarbeide med. Vang kommune har utruleg mykje å takke prisvinnaren for. Vi gratulerer!