Kunngjering om høyring av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2026

Vang kommune har sidan 2007 hatt ein Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, og no er tida inne for å lage ein ny.

Planen gjeld for fire og fire år, og vår neste periode er 2023-2026. Saksbehandlar sendte ut informasjon på mail til registrerte lag og organisjonar i Vang i vår, med ønske om innspel til planen før sumarferien. Vang idrettsråd hadde møte 6.september der planen vart behandla, og Vang formannskap hadde den oppe til behandling 6.oktober. Planen vert no lagt ut til høyring i perioden 24.oktober til 18.november. Saksbehandlar vil då vurdere nye innspel og legge planen fram for godkjenning i Vang kommunestyre torsdag 15.desember.

Her er link til planen: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2026 - til formannskapet (PDF, 2 MB)

Lurer du på noko, ta kontakt med saksbehandlar Oddbjørn Skeie på tlf 48241371.