Haustprogrammet på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er klart!

Med smittevernreglar og nye plassrestriksjonar inviterer vi igjen til ei rekke arrangement og aktivitetar. I haust kan det bli fullt på enkelte arrangement, så vil du sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på på førehand. Vi fører deltakarlister på alle samlingar, og er det plass kan du møte opp i døra.

Programmet kan du sjå eller laste ned ved å trykke her.

Vi startar med ei utandørs vandreforestilling i høve avslutninga av årets sommarles. Meir moro for ungane blir det også i haustferien, med eit kunst-og forteljarverkstad.

Det blir tre litterære kveldar på seinhausten. Då får vi besøk av forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold, litteraturformidlarar frå fylkesbiblioteket kjem med sine Lesegleder, og det blir tradisjonsrik bokkveld med utdeling av positivprisen.

Julie Forchhammer kuraterer to kveldar for oss i haust. Ein samtale med kokebokforfattar Mia Frogner, forleggjar Lennart Krohn-Hansen, Nationen-journalist (og nyslått Valdresen-redaktør) Hilde Lysengen Havro og lokale matprodusentar, samt ein samtale og minikonsert med artist, forfattar og aktivist Moddi.

Valdres sopp- og nyttevekstforening inviterer til sopptur og soppkontroll, og Valdresmusea byr på kurs i søknadsskriving for restaureringstiltak. I samarbeid med Innovangsjon inviterer frivilligsentralen til ‘pøbbprat og problemløysing’ på Mjøsvang kafé med tittelen Kva vil du med Vang.

Vi er allereie i gong med vår nye møteplass Niste med noko attåt kvar måndag kl 11.30, og norsktimen med Elisabeth Sparstad onsdagar kl 12. Neste veke startar lekseklubben opp igjen, på tysdagar kl 15.30. Lesesirkelen er aktiv og lanserer sine datoar frå møte til møte, og så snart vi er klare så lovar vi ei heidundrande opning av BUA Vang! Følg med følg med – og velkomen til oss.

Kontaktinfo:
Vang folkebibliotek: www.valdresbiblioteka.no
tlf. 61 36 94 26 // biblioteket@vang.kommune.no

Vang frivilligsentral: www.vang.frivilligsentral.no
tlf. 61 36 94 25 // 46 81 64 73 // frivilligsentralen@vang.kommune.no