Frivilligsentralen feirer 10års-jubileum

Ordførar åpnar frivilligsentralen - Klikk for stort bileteBilde frå opninga 20.03.2013

Det er 10 år sidan Vang frivilligsentral opna. Mykje har skjedd sidan den gong, og det lyt feirast; vi inviterer til jubileumsfest måndag 20. mars kl 19 på Vang folkebibliotek!

Det blir eit kort program først, med litt tilbakeblikk og frampeik. Vangskoret set feststemninga med eit par songar, og vi får ei helsing frå vår aller første styreleiar Carl Philip Weisser saman med noverande styreleiar Kari Hagaseth.

Etterpå inviterer vi gjestane til å gå rundt i lokalet og prate med representantar for våre ulike aktivitetar. Du kan høyre meir om BUA, middagsgjengen, øvingskøyring, språktrening, aktive saman, foreningsportalen og samarbeidet med biblioteket, og i galleriet kan du sjå bilete frå 10 års drift. Det blir sjølvsagt jubileumskaker, og forhåpentlegvis mange trivelege folk å prate med.

Velkomen til jubileumsfest!