Ekstraordinær bandtvang

Det blei 9. februar innført ekstraordinær bandtvang innanfor Vang kommune sine grenser. Gjeld fram til 1.april.

Grunna ekstraordinære tilhøve for viltet med mykje snø, vert det innført ekstra-ordinær bandtvang for hund i heile Vang kommune. Det vil sei at hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd slik at dei ikkje kan jaga eller skada hjortevilt.

Dette innebærer at alle hunder skal holdes i band med noko unntak:
- Dressert bufehund som vert brukt til å vakta bufe.
- Hundar i trening eller aktiv politi-, toll- eller redningsteneste.
- Hundar i bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt.

Link til forskrift her

Ved spørsmål ta kontakt med Elise Solheim Garvik,
Rådgjevar landbruk, natur og miljø på epost:

Elise.Solheim.Garvik@vang.kommune.no