Datakafé i Vang

Denne hausten blir det ikkje kurs, men ein datakafé der du kan sitte saman med andre som har lyst til å bli flinkare på å bruke datamaskin, nettbrett og smarttelefon. Du kan sjølv ta initiativ til kva du har lyst til å lære deg, og kom gjerne med ønskjer til tema å jobbe med i fellesskap.

Vi treng også frivillige for å få dette til å svinge! Er du ein tolmodig sjel, som er komfortabel med å bruke data men ikkje nødvendigvis kan alt? Ta kontakt med frivilligsentralen om du er interessert i å hjelpe til, på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46816473.