Bygdekino i Vang

Vang kommune skal frå hausten 2022 administrere drift av bygdekinoen i Vang. Vang kommune vil ta seg av profilering og avtale med bygdekinoen.no, medan vi ønsker å invitere eit lag i Vang kommune med som samarbeidspart med tanke på dugnad rundt køyring av kino.

Dette laget tek på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1500,- kvar kveld med kinoframsyning. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring. Oppgåve er for eit halvt år om gongen, og dersom det er fleire lag som ønsker denne oppgåva vert det laga til ei rulleringsliste. Søknadsfrist er 10.august, og ein kan sende mail til postmottak post@vang.kommune.no  i Vang kommune. Det er behov for ein person som må bere litt tungt, og det må  vere med ein person som er med gjennom kinokvelden. Kino i Vang vert vist i auditorium på VBU på fredagar. (NB! Ny dag denne hausten). Dette kan vere same person, men det er praktisk med to tilgjengelege personar frå laget kvar kinokveld. Laget må ha organisasjonsnummer.

Les den delegerte saka i formannskapet her:

https://innsyn.iktvaldres.no/vk/wfdocument.ashx?journalpostid=2022004289&dokid=190839&versjon=1&variant=A&

Ønsker:

Namn på lag

Organisasjonsnummer

Ta kontakt med Oddbjørn Skeie på tlf 95076539, om de lurer på noko.