25 år i kommunal teneste!

25år2018 - Klikk for stort bilete Vang kommune heidra Borgny Kvien og Elisabeth Hålien for 25 år i kommunal teneste. Markeringa fann stad i Sørre Hemsing og vertskapet der serverte som vanleg særs god mat.

Ordføraren overrekte takk og gode ord til jubilantane, gåvekort og vakre blomar frå Lund Arbeidsbase. Elisabeth har i hovudsak hatt sitt virke innan miljøtenesta, no som leiar, medan Borgny har arbeid både i barnehage og skule, no arbeider ho ved VBU.

Takk for innsatsen og lykke til vidare!