Bonden sitt nettverk

Landbruket er etter kvart vorte prega av større einheiter og stadig høgare krav til effektivitet. Auka  krav til spesialisering og kompetanse, mindre marginar og  større kapitalbehov/gjeldsbelastning. Det og stadig endringar i rammebetingelse og større ansvar for den enkelte gardbrukar.  

Bønder opplev dei same utfordringane som folk flest, som endring i livssituasjonen, sjukdom, stress og vanskeleg økonomi. Ei hending som ein opplev som vanskeleg og som kan gje negative tankar. Dette kan til tider være krevjande for mange og det er ikkje alltid like lett at ein føler at ein  strekker til. Då er det viktig å ha nokon å prate med og ta opp det som er utfordrande.  

Målet med «Bonden sit nettverk» er å gje bonden en tryggare kvardag. Bonden eller pårørande  kan ta kontakt med «Bonden sitt nettverk» for å få hjelp til å løyse ulike problem og utfordrande hendingar. «Bonden sitt nettverk» kan og ta kontakt med bonden for å undersøke om vedkommende har det bra. Dei kan hjelpe til å løyse eventuelle problem på eit tidleg tidspunkt  for å forhindre en større krise.  

Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang kommune har gått sammen om å danne et lavterskeltilbud for å forebygge psykisk uhelse i landbruket, og et sikkerhetsnett dersom ei ulykke rammer en bonde. 

«Bonden sitt nettverk» er eit samarbeid mellom faglaga, veterinærene, avløysarlag, psykisk helse i kommunen og landbrukskontoret.  

Det er og organisert ein  ressursgruppe med fagpersoner med ulik kompetanse. Her er representantar fra regnskapskontor, faglag, meieri, slakteri, avløysarkontor,  psykisk helse og veterinær. 

Alle som søkjer produksjonstilskott vil få tilsendt ein plakat med aktuelle kontaktpersonar. Denne kan henge på fjøsdøra eller eit annet egna plass. Alle får og tilsendt ein magnet som ein kan henge på kjøleskapsdøra med kontaktpersonar. Ein håpar  du ser nytten av denne.  Då vil du og din familie eller andre, til ein kvar tid vite at det finns nokon ein  kan kontakte hvis det røyner på. Det er bedre å ta en telefon for mye enn én for lite. Om ikkje anna så ring naboen eller ein venn. 

Dei som har sagt ja til å stå med sine telefonnummer på plakaten har absolutt taushetsplikt overfor tredje person. Det er berre du eller den som ringer på vegne av deg, som kan gi løyve til å be om hjelp fra andre instanser. 

Ta kontakt når det måtte være. Vi er tilgjengeleg for deg! 

Kontakt Bonden sitt nettverk
KontaktNamnTelefon
LandbrukskontoretWenche Søndrol468 29 071
Veterinærvakt i Vang og Vestre Slidre61 34 39 90
Psykisk helse (kl 08:00 - 15:30)Seija Johanna Kumpula977 43 775
LegeMarit Tuv975 66 647
Vang avløysarkontor904 08 715
Vang bondelagJørgen Kvam454 16 782

Kontaktinfo

Wenche Søndrol
Landbruksrådgjevar
E-post
Telefon 46 82 90 71