Du kan stemme digitalt frå 10. til 17. februar. Gå inn på www.innlandetfylke.no/stem. Der vil du òg finne meir informasjon om kva fylkeskommunen jobbar med.
Dersom du ikkje har pårørande eller andre nære som kan hjelpe deg, kan vi i Vang kommune rettleie deg med å logge deg på sjølve folkeavstemminga.
Bank-ID er personlig, og skal ikkje brukas av andre enn deg sjølv. Du kan få hjelp til sjølve stemmeprosessen, til å navigere og kvar du skal trykke for å gje din stemme, men koder og passord skal ikkje deles med andre.
Du kan besøke Vang folkebibliotek eller frivilligsentralen i desse opningtidene:
Fredag 11. februar 12-16
Laurdag 12. februar 11-16
Måndag 14. februar 11-19
Tysdag 15. februar 11-19
Onsdag 16. februar 10-16
Vi vil og være tilgjengeleg på dagsenter Vangsheimen desse dagene:
Måndag 14/2 kl 13.00 – 14.00
Torsdag 17/2 kl 13.00 – 14.00