Borgarleg vigsel

Kommunen tok frå 01.01.2018  over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar og varaordførar i Vang har mynde til å vigsle eit brurepar. Ta kontakt med kommunen for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Skjema for bestilling av tid til vigsel finn du her

Kriterium

- Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Vigselsstad/ Pris

- Tilbodet er gratis dersom minst ein av brudeparet bur i Vang. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Vigslar gjennomførast då  som hovudregel på kommunehuset i Vang mellom kl. 12-16 fredagar.

- Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv. Ta ev. kontakt for meir opplysningar og avtale.

- For vigslar som fell utanom lovbestemt gratis vigsel, har kommunestyret fastsett følgjande prinsipp for utgiftsdekning:

  • Vigsel på kommunehuset 500 kr
  • Vigsel stader i Vang kommune 1000 kr
  • Dekking av faktiske utgifter, til dømes skyssutgifter.

 

Rettleiing

- Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Det vil truleg vere ei viss behandlingstid, så start førebuing i god  tid før bryllaupet:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  4. Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

- Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

- Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

- Etter at de har fått prøvingsattesten, kan de ta nærare kontakt med kommunen.

- De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

- De må ha to vitne, jf. forlovarerklæring, som må vere til stades under seremonien.

- I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan etter nærare avtale  tilpassast med til dømes tekst og musikk i tillegg.

- Kommunen sender deretter  vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet med kopi til brureparte. Meldinga er førebels vigselsattest inntil vigseldsdokumentet kjem frå  Folkeregisteret. '

Me oppfordrar til å bruke E-dialog for sikker sending av dokument som inneheld sensitive opplysningar.
 

Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel
Vigsel Pris Stad
For innbyggjarar i Vang kommune Gratis Kommunehuset
For vigslar som fell utanom lovbestemt gratis vigsel - på kommunehuset 500,- Kommunehuset
For vigslar som fell utanom lovbestemt gratis vigsel - andre stader i Vang kommune 1000,- Valgfri stad i kommunen
Dekking av faktuske utgifter, til dømes reiseutgifter Følgjer statens reiseregulativ