Politikk/ Ordførar

Ordføraren - Klikk for stort bilete Ordførar Vidar Eltun, som er født i 1969 og  som representerer Arbeiderpartiet, har vore ordførar i Vang sidan 2011.

Tidlegare arbeide han som lærar og rektor i skulen i Vang. Vidar er gift, har to vaksne born og familien bur i Øye. Med sin bakgrunn har ordføraren lagt vekt på gode og trygge oppvekstvilkår for dei unge i ut frå dei rammene kommunen rår over.  

Samstundes meiner han det er viktig å vidareføre det gode tenestetilbodet kommunen har hatt, både for dei eldre og for andre som treng omsorg og oppfølging i kommunen.

Ordførar Vidar Eltun er leiar i Stamvegutvalget E 16, noko som fører med seg mykje arbeid med samferdselssaker, då både på nasjonalt og lokalt nivå. Han meiner også at breidbandutbygging må vere eit prioritært område i Vang.

Tilrettelegging for bustadbygging og etablering av nye arbeidsplassar er andre felt som har stort fokus hjå ordføraren. Det er også mange møtearenaer på regionalt nivå. Ordførar Vidar Eltun er blant anna leiar i representantskapet i VLMS-E og sjølvsagt med i regionstyret i Valdres Natur- og Kulturpark.

Vang kommune er den vakraste kommunen i heile landet meiner ordføraren, men for å oppretthalde den vakre og ville naturen må landbruksnæringa få leveleg vilkår, slik at det verkeleg ser ut som om Vang er ei levande bygd. Prosjektet «Huga på gard» som kommunen har saman med Vestre Slidre kommune og Innovangsjon, viser seg å vere ein suksess. Gardar kjem på sal, ein får lys i glasa og unge som vil starte gardsdrift får høve til det. Reiselivet og med det hytteturisme er svært viktig for Vang. Dette samspelet mellom turismen, landbruksinteressene og andre aktørar er særs viktig å få til å fungere best mogleg. Samarbeid er eit stikkord her som med mykje anna i samfunnet.

Ordføraren ynskjer å vere mest mogleg synleg, han skal vere lett å ta kontakt med og han stiller opp på arrangement og møter for å ha god dialog med alle i kommunen sin.

Kontaktinfo

Vidar Eltun
Ordførar
E-post
Telefon 61 36 94 05
Mobil 917 23 502

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres