Varsel om oppstart av planarbeid for detaljregulering Bøaflata III

Mjøsvang Eiendom AS vant anbodet til Statens Vegvesen for «Leie, drift og vedlikehold av døgnhvileplasser for tungtransport langs E16 i Oppland, på strekningen Fagernes til Vang». Føremålet med planen er i hovudsak å legge til rette for 15 døgnkvileplassar for tungtransport langs E16 på eksisterande parkeringsareal sør for Mjøsvang Kafe, og flytte eksisterande busslomme litt vestover for å lage ny avkøyring til parkeringsarealet som tilfredsstiller krava frå Statens Vegvesen.

Jf. pbl. § 12-8 blir det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering Bøaflata III. Arealet som skal regulerast ligg innanfor eksisterande reguleringsplan for Bøaflatadn II.

Planen blir utarbeidt av landskapsarkitekt John Lie, og skriftlege innspel eller spørsmål til planarbeidet kan rettast til:

Landskapsarkitekt John Lie – Porsgrunnsvegen 190, 3735 Skien

Mobiltelefon: 90681024

E-post: john.lie@online.no

Frist for innspel er sett til: 10. januar 2020

Kopi av innspel sendast til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

E-post: post@vang.kommune.no

 

Vedlagt ligg oversiktskart og referat frå oppstartsmøte 27.11.2019

OVERSIKTS-PL 03-12-19 (PDF, 792 kB)