Melding om fastsett planprogram Kvissyndin nord

Kommunestyret fastsette i møte 13.12.2019 planprogram for Kvissyndin nord

Kommunestyret behandla i møte 13.12.2019 sak 118/19. I samsvar med forskrift for konsekvensutgreiing § 6 vart det fatta fylgjande vedtak: "Med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1 andre ledd og 12-9 tredje ledd, og forskrift om
konsekvensutgreiing § 6 b), vedlegg 1, pkt. 25, fastsett Vang kommune «Planprogram Kviisyndin nord».
Det er ein føresetnad at tilkomstveg skal vera avklara før vedtak av reguleringsplan."

I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiing § 6 er det fastsette planprogrammet og saksprotokollen sendt til dei som har uttala seg om forslaget. Sentrale saksdokument er elles tilgjengeleg på heimesida til kommunen fram til 24. januar 2020.

Ein kan ikkje setje fram klage på det fastsette planprogrammet.