Offentleg høyring

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete

Her finn du saker til offentleg høyring i Vang kommune
 

Kommunestyret vedtok i møte 11.04.19 (sak 17/782) å legge ny kommunedelplan for Tyinkrysset ut på høyring og offentleg ettersyn. Den nye kommunedelplanen skal legge til rette for at Tyinkrysset kan bli ein stor, heilårs reiselivsdestinasjon. Planen legg m.a. opp til utvikling av nye areal til fritidsbustader, sentrumsutvikling, to nye skiheisar og tidlegløype for langrenn. Samstundes blir det varsla om at kommunen vurderer å oppheve ni eksisterande regulerings- og bebyggelsesplanar innanfor planområdet.