Planområdet går frå nordsida av E16, der botnstasjon for Andstorheisen er lokalisert. Sør for E16 tek planen fyrst med seg naudsynt areal for vurdering og regulering av tilkomstveg, ski in/ski ut, vidare byggeområder, heistrase, toppstasjon og grønnstruktur mellom Tørisheisen i vest og alpinareal mot Fløgstrønde i aust. Førebels plangrense er romsleg og vil truleg justerast i løpet av planprosessen.
Det er laga til ein innspelsportal der ein kan gjera seg betre kjent med detaljreguleringa og kan gje innspel direkte:
Tyin-Filefjell Andstor og Synhaug-Vesleåne
Planmateriell:
Varsel om oppstart av planarbeid_Andstor (PDF, 2 MB)
Varslingskart_01052023_Andstor (PDF, 555 kB)
Planinitiativ_Andstor (PDF, 4 MB)
Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Andstor (PDF, 249 kB)
Merknadar eller innspel til planen leggast direkte inn i innspelsportalen(link ovanfor), eller sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 Ål eller judith.aakre@asplanviak.no innen 2. juli 2023.