Reguleringsplan for Solsteinslie Vest - varsel om oppstart

Det blir med dette varsla oppstart av arbeidet med reguleringsplan Solsteinslie Vest, jamfør plan og bygningslova §12-8.  Hovudføremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utviding av hyttefeltet Solsteinslie vidare mot vest. 

Planen blir utarbeida av landskapsarkitekt John Lie på vegne av Solsteinslie Utmarkslag v/Grindafjell AS. 

Varslinga av planarbeidet er avklart med kommunen i oppstartsmøte 02.03.2021, og ved politisk behandling av saka i kommunestyremøte 17.06.2021, sak 033/21. 

Planområdet er totalt på omlag 327 dekar. Avgrensing er vist i kartutsnitt. 

Synspunkter og innspel til planarbeidet/planprogrammet skal sendast skriftleg til:
Landskapsarkitekt John Lie - Porsgrunnsvegen 190, 3735 Skien, e-post: john.lie@online.no

Kopi skal sendast til:

Vang kommune - Planavdelinga, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, e-post: post@vang.kommune.no

 

Frist for innspel: 3. november 2021

 

PLANOMRÅDE-20-08-21 (389836) (PDF, 2 MB)

OVERS-PLAN-20-08-21 (389835) (PDF, 2 MB)

Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Solsteinslie vest (367282) (PDF, 572 kB)

Solsteinslie vest - planavklaring (378124) (PDF, 2 MB)

Alle dokument som var lagt fram for kommunestyret ved planavklaring, finn du ved å følgje denne lenka.