Kommunedelplan Tyinkrysset - oppheving av planar - offentleg ettersyn

Vang kommune legg med dette kommunedelplan for Tyinkrysset(planID: 2015003) ut til høyring og offentleg ettersyn. Samstundes blir det varsla om at kommunen vil oppheve fem regulerings- og bebyggelsesplaner innanfor planområdet.

5. sept. 2019 vart det fatta vedtak i KS-sak 052/19 om sluttbehandling av kommunedelplan Tyinkrysset. Etter lovlegheitskontroll, dialogmøter, temadag og fleire prosessuelle vedtak i tida etter 05.09.2019 er det ynskje om nokre endringar i kommunedelplanen for Tyinkrysset.

Endringane i planen må vera gjenstand for høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 11-14 og 11-17, før ein kan ta vedtaket i sak 052/19 opp til ny behandling jf. forvaltningslova § 35. Det er og ynskje om å vidareføre fleire reguleringsplanar. Det kjem fram i sak 035/21 kva reguleringsplanar som blir føreslege vidareført. For å sikre medverknad og klageadgang for alle rørde partar er oppheving av planar skilt ut i eige sak som samstundes blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 12-10 og 12-14.

I kommunestyret 17.06.2021 vart det fatta fylgjande vedtak i sak 035/21:

Kommunestyret varslar med dette jf. fvl. §16 at fylgjande planar blir vidareført oppheva, og legg saka ut til høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 5.2 og 12-14:
1. Tyinkrysset (plan-ID: 0545R024)
2. Tyinkrysset-Høgeseth (plan-ID: 0545R025)
3. Skørsnøse (plan-ID: 0545R055)
4. Andstor-Tyinkrysset (plan-ID: 0545R039)
5. UH1 og UH2 i Andstor (plan-ID: 0545B007)

Merknad kan sendast som brev til Vang kommune eller pr. e-post til post@vang.kommune.no. Merknad til endringane i kommunedelplan for Tyinkrysset merkast med: KDPL Tyinkrysset 21/641-2. Merknadsfrist er forlenga med 3 veker grunna sumarferie og er sett til 16. september 2021. Spørsmål kan rettast til underteikna pr. e-post: magnus.lajord@vang.kommune.no

Høyringsdokument:

Kommunedelplan Tyinkrysset - oppheving av planar - offentleg ettersyn (L)(378126) (PDF, 2 MB)

1_Føresegn_2015003_høyring_2021 (PDF, 2 MB)

2_Plankart_Tyinkrysset_A3 (PDF, 3 MB)

3_Planomtale_Tyinkrysset_2015003 (PDF, 4 MB)

4_KS_sak_052_19_kdpl_Tyinkrysset_sluttbehandling (PDF, 2 MB)

5_KS_sak_004_20_lovligheitskontroll_kdpl_Tyinkrysset (PDF, 440 kB)

6_KS_sak_069_20_vidare_planprosess (PDF, 634 kB)

7_KS_sak_003_21_vurdering_planområder (PDF, 874 kB)