Kommunedelplan Tyinkrysset - høyring og offentleg ettersyn

Vang kommune legg med dette kommunedelplan for Tyinkrysset(planID: 2015003) ut til høyring og offentleg ettersyn. Samstundes blir det varsla om at kommunen vil oppheve fem regulerings- og bebyggelsesplaner innanfor planområdet.

5. sept. 2019 vart det fatta vedtak i KS-sak 052/19 om sluttbehandling av kommunedelplan Tyinkrysset. Etter lovlegheitskontroll, dialogmøter, temadag og fleire prosessuelle vedtak i tida etter 05.09.2019 er det ynskje om nokre endringar i kommunedelplanen for Tyinkrysset.

Endringane i planen må vera gjenstand for høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 11-14 og 11-17, før ein kan ta vedtaket i sak 052/19 opp til ny behandling jf. forvaltningslova § 35. Det er og ynskje om å vidareføre fleire reguleringsplanar. Det kjem fram i sak 035/21 kva reguleringsplanar som blir føreslege vidareført. For å sikre medverknad og klageadgang for alle rørde partar er oppheving av planar skilt ut i eige sak som samstundes blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 12-10 og 12-14.

I kommunestyret 17.06.2021 vart det fatta fylgjande vedtak i sak 034/21:
Kommunestyret støttar seg på kommunedirektøren sine vurderingar av naturmangfaldlova § 7, jf. §§ 8-12, samt vurderingane til vassforskrifta § 12. Kommunestyret fremjar saka med dei endringane som føreligg og legg Kommunedelplan for Tyinkrysset, med planID:2015003, ut til høyring og offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova §§ 5-2, 11-14 og 11-17.

Merknad kan sendast som brev til Vang kommune eller pr. e-post til post@vang.kommune.no. Merknad til endringane i kommunedelplan for Tyinkrysset merkast med: KDPL Tyinkrysset 21/641-1. Merknadsfrist er forlenga med 3 veker grunna sumarferie og er sett til 16. september 2021. Spørsmål kan rettast til underteikna pr. e-post: magnus.lajord@vang.kommune.no

Høyringsdokument:

Kommunedelplan Tyinkrysset - offentleg ettersyn (L)(376606) (PDF, 3 MB)

1_Føresegn_2015003_høyring_2021 (PDF, 2 MB)

2_Plankart_Tyinkrysset_2015003_2021_A0 (PDF, 5 MB)

3_Plankart_Tyinkrysset_utan_tekst_og_omsynsoner (PDF, 594 kB)

4_Plankart_Tyinkrysset_føremålsflater_A3 (PDF, 515 kB)

5_Plankart_Tyinkrysset_gjennomføringsoner_A3 (PDF, 567 kB)

6_Plankart_Tyinkrysset_infrastruktursone_H410_A3 (PDF, 315 kB)

7_Planomtale_Tyinkrysset_2015003 (PDF, 4 MB)

8_Konsekvensutgreiing_2015003 (PDF, 4 MB)

8_Konsekvensutgreiing_Fløgstrøndheisen_høyring (PDF, 2 MB)

9_SVV_notat_konsekvensutgreiing (PDF, 4 MB)

10_ROS_analyse_2015003 (PDF, 2 MB)

11_Skiløyper_eksisterande_temakart (PDF, 407 kB)

12_Notat_vurdering_planområdet (PDF, 7 MB)

13_Masterplan_2011 (PDF, 6 MB)

14_Masterplan_2018 (PDF, 5 MB)

15_KS_sak_011_19_kdpl_Tyinkrysset_høyring (PDF, 910 kB)

16_KS_sak_052_19_kdpl_Tyinkrysset_sluttbehandling (PDF, 2 MB)

17_KS_sak_004_20_lovligheitskontroll_kdpl_Tyinkrysset (PDF, 440 kB)

18_KS_sak_069_20_vidare_planprosess (PDF, 634 kB)

19_KS_sak_003_21_vurdering_planområder (PDF, 874 kB)

20_Referat_oppstartsmøte_Tyinkrysset_eiendom (PDF, 656 kB)

21_Rammeplan_VA_ Tyinkrysset_2019_notat (PDF, 80 kB)

22_Rammeplan_VA_100_oversikt_E09 (PDF, 5 MB)

23_Rammeplan_VA_visualisering_trykksoner (PDF, 2 MB)