Kommunedelplan for trafikktryggleik

Klikk for stort bileteMelding om oppstart av arbeid med kommunedelplan for trafikktryggleik for Vang kommune.

I medhald av plan og bygningsloven §11-4 1. ledd, §11-12 og §11-13 melder Vang kommune oppstart av arbeid med kommunedelplan for trafikktryggleik og legg forslag til planprogram på offentleg ettersyn.

Dersom du har innspel ber vi deg kome med innspel innan fristen.

Eksempel på innspel til planarbeidet kan vera:

  • Forslag til haldningsskapande arbeid
  • Forslag til fysiske tiltak for å betre trafikktryggleiken, slik som: gatelys, sikt, utbetring av kryss, gang- og sykkelveg, fartsreduserande tiltak, tiltak på skuleveg og anna.

Det blir bede om at innspel, idear og tankar til arbeidet blir sende skriftleg til Vang kommune v/ Ingeborg Lunde, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, gjerne på e-post: ingeborg.lunde@vang.kommune.no innan 8. februar.

 

Trafikktryggleik
Tittel Publisert Type
Varsel om oppstart

28.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Varsel om oppstart .pdf
Trafikktryggleik 2015-2017

28.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Trafikktryggleik 2015-2017 .pdf
Planprogram - trafikktryggleiksplan.dotx

28.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planprogram - trafikktryggleiksplan.dotx .pdf