Valdreskommunane søkjer sommarhjelp GIS - Arkivsak 19/169

Valdres-GIS (VGIS) er eit interkommunalt kartsamarbeid mellom dei seks Valdreskommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Østre Slidre og Vang med felles programvare, kartdatabaser og internettkart.

Det er tilsett ein felles GIS-konsulent som vil ha ansvar for og oppfylgjing av sommarhjelpa.

Kontorstad er Vang, men arbeidsdagar i dei andre kommunane må påreknast.

Periode: Minimum 5 - 6 veker i perioden 1. juni - 31. august.

Arbeidsoppgåver

  • Kvalitetsheving, tilrettelegging og digitalisering av kartdata innanfor fagfelta plan, bygg, eigedom, vatn og avløp, landbruk og skogbruk o.l.
  • Tilrettelegging og gjennomføring av GIS-analyser.
  • Vedlikehald av kartdatabasar og internettkart.
  • Kan tilpassast kompetanse/fagretning på søkar.

 

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar

  • Student innanfor kartrelevante fagfelt eller med god datateknisk innsikt og interesse for digitale kart.
  • Førekort klasse B, tilgang til eigen bil er ein klar fordel.
  • Må like å jobbe sjølvstendig.
  • Må vere lære- og samarbeidsvillig.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Lars Østbye Hemsing

Tlf: 61 36 94 09

Mob: 90 47 54 69

E-post: lars.ostbye.hemsing@vang.kommune.no

 

Me tilbyr løn etter avtale.

Tilsetting skjer på vilkår som til ei kvar tid gjeld i kommunal sektor.

Bilgodtgjerdsle etter statens reiseregulativ.

Søknad merka arkivsak nr. 19/169 blir å sende elektronisk  innan 25.03. 2019.