Sommarvikarar 2019 - Arkivsak 19/127

Vang kommune søkjer etter sommarvikarar i kommunen for sommaren 2019.

 

Etat for Landbruk/teknisk:

  • Enkelt gartnararbeid
  • Vedlikehald av bygningar m.m.
  • Registrering av VA-anlegg
  • Søkjarar bør ha fylt 16 år.
  • Reinhald på ymse arbeidsplassar
  • Søkjarar bør ha fylt 18 år og ha erfaring på området.

     

Etat for Oppvekst, kultur og integrering: 

  • Kongevegsryddar – rydding og merking av kongevegtrasear
  • Stiryddar – rydding og merking av turstignettet i Vang kommune
  • Ryddar bør ha fylt 18 år, helst ha bilsertifikat og erfaring med bruk av motorsag.
  • Ungdom i aldersgruppa 16-18 år kan også søkje.
  • Klubbleiar sommarfritidsklubb
  • 4 dagar i veka i  4 veker frå 24.juni. Må ha fylt 18. Krav om politiattest.
  • Sommervikar på biblioteket
  • 5 dager i veka i 4 veker frå 24.juni. Må ha fylt 18 år. Krav om politiattest.

Etat for Helse – og omsorg:

  • Sjuke– og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelpar og assistentar innan Miljøtenesta, Vangsheimen og Heimetenesta.
  • Sommarvikarar på kjøkken og reinhald ved Vangsheimen

 

Kvalifikasjonar:

  • Bør ha fylt 18 år, men søkjarar frå 16 år kan vurderast.
  • Norsk autorisasjon ved fagstillingar.
  • Ynskjeleg med erfaring frå miljøteneste og/eller pleie – og omsorgstenesta, men ikkje

    eit krav.

  • Vikar i pleie må vera 18 år.
  • Vikarar i heimesjukepleie må ha førarkort.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Personlig eignaheit vert vektlagt.
  • For alle stillingane innan helse – og omsorg er det krav om politiattest.

     

Studentar og elevar vert spesielt oppmoda om å søkje.

Det er viktig med ein informativ søknad.

Søknaden skal innehalde informasjon om

  • din motivasjon for å søkje stillinga
  • kvar du ynskjer å arbeide, i prioritert rekkjefølgje
  • kva tidsrom du kan arbeide
  • du har førarkort for bil/traktor
  • du disponerer bil
  • din erfaring med bruk av motorsag (evnt. motorsagkurs) dersom det er relevant for stillinga

Om ynskjeleg kan nokre stillingar kombinerast. Er du interessert i å arbeide i fleire/ulike stillingar, er det fint om du skriv dette.

Generelt for stillingane

Studentar og ungdommar frå Vang vil bli prioritert. Vi krev gode kunnskapar i norsk. Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Send søknad merka arkivsak nr. 19/127 elektronisk her.

Søknadsfrist: Fredag 22. mars 2019