Sekretær rådmannskontoret 100% stilling

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling i servicetorget.     

Stillinga ligg i rådmannen sin stab.

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:

  • Kundebehandling, sentralbord, post og fakturascanning, og enkel saksbehandling innan innkjøp og personal.

Det er utarbeidd arbeidsbeskriving for stillinga. Det kan bli endringar i stillinga sitt arbeidsområde                             

Kvalifikasjonar:    

  • Høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning.
  • Vere serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • God kunskap i og interesse for bruk av data.
  • God norskkunnskap munnleg og skriftleg og i nokon grad også engelskkunnskap.
  • Personlig eignaheit.
  • Relevant arbeidserfaring
  • Søkjar må kunne disponere bil.
     

Me tilbyr:

Godt arbeidsmiljø, spennande utfordringar og stor variasjon i arbeidsoppgåver.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Lønn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Vang kommune nyttar nynorsk som målform


Kontaktpersonar:

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune, mobil 91315147 eller saksbehandlar Anne Kari Tveit Søndrol tlf 61 36 94 10.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk.

Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/243

 

Søknadsfrist: Søndag 19.05.2019