Rådmann i Vang kommune - Arkivsak 19/129

Vang kommune søkjer etter ein framtidsretta og aktiv byggjar av lokalsamfunnet:
Det er viktig at den nye rådmannen vår har evne til å arbeide strategisk og til å engasjere medarbeidarar, folkevalde, næringsliv og innbyggjarar for å skape ei fortsatt god utvikling i Vang.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vere ein synleg og samlande leiar for alle tilsette i kommunen.
  • Bygge tillit og godt omdøme gjennom respekt og gode prosessar.
  • Sørge for å ha ein god internkontroll som svarar opp gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Utvikle ein god dialog med kommunen sine folkevalde organ.
  • Delta aktivt i det omfattande interkommunale samarbeidet i Valdres.
  • Analysere kommunal drift og vurdere tiltak for betring og utvikling.

Ønska kvalifikasjonar; utdanning og erfaring:

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå, herunder gjerne særskilt kompetanse innan leiing.
  • Leiarerfaring frå offentleg forvaltning, fyrst og fremst kommunal verksemd.
  • God evne til å kommunisere både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit.

     

Vang kommune tilbyr:

  • Ei interessant og utfordrande stilling.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår, herunder offentleg tenestepensjonsordning.

Andre opplysningar:

  • Søkjar må disponere bil.
  • Kommunen sitt tenestemål er nynorsk.
  • Det kan bli aktuelt å endre tittel på stillinga til kommunedirektør.
  • Det utarbeidast offentleg søkjarliste: Søkjar som ikkje vil stå på lista må grunngje dette i søknaden, og om dette ikkje kan imøtekomast, blir søkjar kontakta før offentleggjering av søkjarlista.
  • Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe ordførar Vidar Eltun på mobil 91723502.

    Søknad med CV/ attestar merka arkivsak 19/129 sendast elektronisk  innan 20.mars.