Personalkonsulent – Vikariat arkivsak nr. 18/362 2. gongs lysing.

Frå oktober 2018 har Vang kommune ledig 100 % vikariat som personalkonsulent for 1 år. Stillinga er ein del av rådmannen sin stab og direkte underlagt rådmann.

Som personalkonsulent i Vang kommune arbeidar du tett saman med leiarar, tillitsvalte og tilsette i alle aspekt av personalforvaltninga. Stillinga er allsidig, med både rutineoppgåver og meir komplekse arbeidsoppgåver, noko som gir deg ein svært variert arbeidskvardag med stor grad av sjølstende. Innehavar av stillinga er medlem av regionalt personalleiarforum for kommunane i Valdres. Som personalsystem brukar me Visma Enterprise HRM og Acos til saksbehandling. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Overordna arbeidsoppgåver:

- Sakshandsaming

- Rådgjeving

- Rekruttering og tilsetjing

- Tariffoppgjer og forhandlingar

- HMS- og IA-arbeid

- Internkontroll

- Utviklingsarbeid

 

Det er ynskjeleg at søkjarar har:

- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå

- Relevant praksis

- God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor

- God evne til samarbeid

- Gode datakunnskapar

- God skriftlig og munnleg formuleringevne

Personleg egnaheit vil bli vektlagt.

Me tilbyr godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad.

Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12 eller personalkonsulent Solfrid Jordalen på telefon 61 36 94 18.

Søknad med attestar og vitnemål merka arkivsak nr. 18/362 sendast elektronisk.