Personalkonsulent Vikariat - Arkivsak 18/362

Frå april 2019 har Vang kommune ledig 100 % vikariat som personalkonsulent fram til ca 1.oktober. Stillinga er ein del av rådmannen sin stab.

Arbeidsoppgåver er i hovudsak:

- Sakshandsaming

- Rådgjeving

- Rekruttering og tilsetjing

- Tariffoppgjer og forhandlingar

- HMS- og IA-arbeid

- Internkontroll

- Utviklingsarbeid

Det er ynskjeleg at søkjarar har:

- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå

- Relevant praksis

- God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor

- God evne til samarbeid

- Gode datakunnskapar

- Personleg egnaheit.

 

At søkjar har relevant praksis vil bli tillagt stor vekt.

Me tilbyr godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad.

Som personalsystem brukar me Visma Enterprise HRM og Acos til saksbehandling. Vang kommune har nynorsk som målform.

Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12 eller 91 31 51 47.

Søknad med attestar og vitnemål merka arkivsak nr. 18/362 sendast elektronisk, med søknadsfrist 31. mars 2019.