Pedagog i Høre barnehage, Arkivsak 18/819

Vang kommune har ledig mellombels stilling for pedagog i Høre barnehage:

  • Pedagog i 100 % mellombels stilling med tiltreding snarast og

     t.o.m. 31.07.2019, med moglegheit for forlenging.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
     

    Me ser etter deg som

  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og endringsviljug

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige

     

    Vang kommune nyttar nynorsk som målform

    Me oppmodar særskilt mannlege barnehagelærarar til å søkje stillinga. 

    Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Yvonne Solemsli, tlf. 61 36 94 22

    Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling.

    Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk

    Merk søknad med arkivsak nr. 18/819

    Søknadsfrist: Søndag 16.12.18