PEDAGOG I BARNEHAGE Arkivsak 19/430

Vang kommune har ledig mellombels stilling for pedagog i Fredheim barnehage.
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel!

Pedagog i 100 % mellombels stilling ved Fredheim barnehage med tiltreding 15.08.19

t.o.m. 15.07.20, med moglegheit for forlenging.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Ynskje om spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

     

    Me ser etter deg som

  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og endringsvillig

 

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige

     

    Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

    Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
     

    Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Karin Trøen, tlf. 61 36 94 90 – 928 91 231

     

    Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

    Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk. Merk søknad med arkivsak nr. 19/430

     

    Søknadsfrist:  05. august 2019.