Oppdragstakarar og avlastarar - Barnevern. Arkivsak 18/ 121

Kunne du tenkje deg å gjera ein jobb som oppdragstakar? Vi søkjer deg som er påliteleg, engasjert og positiv!

Felles barneventeneste for Vang og Vestre Slide ønsker å koma i kontakt med personar som kan tenkje seg å påta seg oppdrag for oss.

Dette kan bl.a. vera støttekontakt, fritidskontakt, leksehjelp, miljøarbeidar, heimekonsulent.

Vi ønsker også å koma i kontakt med familiar som kan tenkje seg å vera besøksheim/avlastningsheim, fosterheim eller beredskapsheim. Interesserte kan henvende seg til barnevernleiar Randi Stenberg, tlf. 977 81 956 eller pr. mail: randi.stenberg@vestre-slidre.kommune.no

Vi tilbyr:

- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar