Ledige stillingar innan Helse og Omsorg - Arkivsak 19/148

Felles for stillingane:

  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir evt. andre ledigestillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV/ attestar og vitnemål merka arkivsak nr. 19/148 sendast elektronisk.

Søknadsfrist: Onsdag 22. mars 2019

 

 

Korttid og heimetenesta

Helsefagarbeidarar – deltidsstillingar

  • 15% fast stilling helg for helsefagarbeidar, student/elev eller assistent
  • 12,68% fast stilling helg for helsefagarbeidar, student /elev eller assistent
  • 25,65% stilling, permisjonsvikariat, annakvar helg i perioden 01.03.2019 – 31.08.2019

Miljøtenesta

Vernepleiar i 100% fast stilling

  • Sisteårs vernepleiarstudentar oppfordrast til å søke
  • Andre høgskuleutdanningar som er relevante kan vurderast
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med psykisk utvklingshemma er ynskjeleg
  • Arbeid i turnus med 2 helger på 6 veker, dag- og kveldsvakter
  • Stillinga inneber fagleg ansvar. Det er sett av tid til fagadministrasjon og samarbeid i turnus.
  • Ledig frå snarast

Eventuell søkar som er student vil få tilbod om stillinga på engasjement fram til fullført og bestått utdanning. Fast tilsetting fordrar autorisasjon som vernepleiar.

BPA

  • 16,90% fast helg, dagvakter i BPA- ordning, kvinnelege søkjarar

 

Kvalifikasjonskrav for samtlege stillingar:

  • Grunnleggande interesse for å jobbe med folk og å ville bidra til å  skape ein god dag for dei du arbeider for og saman med.
  • Personleg eignaheit, som for oss betyr:

lærelyst, gode samarbeidsevner, gode kommunikasjonsevner, pågangsmot, vera trygg på seg sjølv, godt humør, stabilitet og fleksibilitet. Ein lagspelar!

Andre ferdigheiter:

  • Kjennskap til målretta miljøarbeid, EPJ og positiv innstilling til bruk av data som verktøy.
  • Opplæring vil bli gjeve.
  • Må kunne gjera seg godt forstått på norsk,  både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.

Meir informasjon om stillingane får du ved å ta kontakt med leiar for miljøtenesta, Elisabeth Hålien, tlf. 61 36 95 50/ 99 09 00 13