Ledig fast 24% stilling, fagarbeidar / assistent

Frå 01.08.19 er det ledig inntil 24% stilling (21,36% lønsprosent justert for skuleåret) som fagarbeidar/ assistent ved etat for Oppvekst, kultur og integrering, avd. Vang læringssenter, vaksenopplæringa.

Me søkjer etter ein engasjert og ansvarsbevisst elevassistent som vil vera med på å vidareutvikle skuletilbodet til våre vaksne elevar. Menn oppfordrast til å søkje av omsyn til elevane sitt behov.

 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av undervisningsplan for vaksne elevar med psykisk og fysisk utviklingshemming, i tett samarbeid med ansvarleg lærar. Ein del av opplæringa inneber fysisk aktivitet og symjeopplæring.
  • Utarbeiding av miljøreglar/tiltak i samarbeid med teamet rundt den einskilde elev

Kvalifikasjonar
 

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lang erfaring/anna relevant kompetanse vil også verte vurdert.
  • Kjennskap til atferdsanalytisk arbeid, samt kunnskap og interesse for arbeid med elevar med atferdsmessige utfordringar
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

Me ynskjer oss ein kollega som

  • Deltek aktivt i teamet ved å jobbe mot felles mål
  • Er tilpasningsdyktig
  • Kan vise til gode samarbeidsevnar opp i mot elevar, føresette og kollegaar
  • Kan vera ein tydeleg vaksen
  • Har evne til å organisere og skape god trivsel for elevar og tilsette
  • Tek initiativ til å definere oppgåver og kan jobbe sjøvstendig

Me tilbyr

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Fagleg samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Personleg eignaheit vil verte vektlagd.

Spørsmål om stillingane kan rettast til leiar Erik Martinsen på tlf. 41409798.

Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir evt. andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV/attestar og vitnemål sendast elektronisk via heimesida vår, www.vang.kommune.no.

Merkast arkivsak nr 19/411

Søknadsfrist: Fredag 21.juni 2019