Konsulent ved rådmannskontoret - Arkivsak nr. 19/ 79

Vang kommune har frå 1. juni 2019 ledig 100 % fast stilling som konsulent ved rådmannskontoret. Stillinga ligg i rådmannen sin stab.

Overordna arbeidsoppgåver:

  • Fagleg ansvar for kommunen sine arkiv
  • Systemansvar for kommunen sitt arkiv- og saksbehandlingssystem Acos websak og Acos møte, herunder opplæring/ oppfølging av brukarar og postjournal
  • Systemansvar for kommunen sine elektroniske løysingar for møteinnkalling og møtegjennomføring. (Acos møte)
  • Leiarfunksjon for merkantil del av kontoret
  • Sakshandsaming av saker etter alkohollova og serveringslova
  • Attestasjon og tilvising av rekningar
  • Sekretær for valstyret
  • Det er utarbeidd stillingsbeskriving
  • Stillingsinnhald kan bli endra

     

    Kvalifikasjonar:

  • Relevant bachelorutdanning er ønskeleg. Anna relevant utdanning/realkompetanse vil  sjølvsagt bli vurdert
  • God kompetanse i og erfaring med saksbehandling
  • Gode kunnskapar i og interesse for bruk av data/fagsystem
  • Gode norskkunnskapar og god skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå det offentlege ein føremon
  • Gode samarbeidsevne, evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt

     

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Søkjar må kunne disponere bil

Me tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø, spennande utfordringar, og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings– og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

 

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Kommunen har personalbustader for leige.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12/ 91 31 51 47 eller personalkonsulent Inga Jane Vie Karlsen på telefon  61 36 94 18.

Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 19/79 sendast elektronisk.

Søknadsfrist: Søndag 24. februar 2019