Etatsleiar for teknisk, plan, miljø og landbruk, 100% fast stilling - arkivsak 19/601

Etatsleiaren inngår i rådmannen sitt leiarteam. Leiarteamet arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein person med gode samarbeidsevner og positiv innstilling til den samla kommunale verksemda.

Ved etaten er desse fagområda:

  • Arealplan
  • Byggesak
  • Vatn og avløp
  • Miljø og naturforvaltning
  • Jordbruk, skogbruk og vilt/fiskeforvaltning
  • Landmåling, kart og GIS
  • Beredskap og teknisk drift

     

    Ansvarsområder:

  • Ansvar for etatens økonomi og personale, samt utvikling av fagområdene
  • Ansvar for å sikre ein effektiv tenesteutøving med god kvalitet i samsvar med lovverk, rammebetingelser og målsetningar
  • Ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling i etaten
  • Vidareutvikle etaten med fokus på å skape ein felles kultur og innovativ tankegang
  • Ansvarleg for etatens sakshandsaming innanfor fagområda
  • Prosjektverksemd

Kvalifikasjonar:

  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning, til dømes innanfor ingeniørfag, forvaltning, jus, realfag, samfunnsfag
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd på tilsvarande organisasjonsnivå
  • Kjennskap til lovverk og føresegner innanfor kommunal forvaltning
  • God forståing for offentleg forvaltning og økonomi
  • God systemforståing og digital kompetanse

    Vi søker deg som

  • vil vere med å forvalte og utvikle verdiane i Vang kommune
  • gjennom dine leiareigenskaper evner å levere gode resultat i samarbeid med andre
  • har høg gjennomføringsevne, er tydeleg og beslutningsdyktig
  • finn gode løysingar og held fokus på utvikling av medarbeidarar, system og organisasjon
  • tør å tenkje nytt, tar utfordringar og ser moglegheiter
  • har gode strategiske og analytiske eigenskapar
  • skapar tillit gjennom høg fagleg og personleg integritet
  • har stor interesse for kommunal forvaltning og utvikling av fagfeltet
  • har god forståing for forholdet mellom politikk og administrasjon

Personlige eigenskapar vil bli lagt stor vekt på

Vi tilbyr

  • deltaking i ei engasjert og inkluderande leiargruppe
  • spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • moglegheit til å være med på å utvikle tjenesteområdet saman med engasjerte medarbeidarar
  • moglegheit til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Den som vert tilsett må stille bil til disposisjon og får godtgjering etter reiseregulativ.

For meir info om Vang kommune, sjå:

https://www.vangivaldres.no/om-vang/vangswiki/

For meir info om etaten, sjå:

https://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Tilsettingsprosess

Det er planlagt med eit fellesmøte for aktuelle kandidatar i Vang den 7. oktober. Deretter individuelle intervju.

Kontaktpersonar:

Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av rådmann Erlend Haaverstad,
tlf  41 43 89 14.

Tilsetting på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk

www.vang.kommune.no. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/601

 

Søknadsfrist: Søndag 29.09.19