DIRIGENT VANGSKORET / PIANO-AKKOMPAGNEMENT – ARKIVSAK 18/440

Vang kommune har frå 01.01.19 ledig ei 18,85 % stilling i Kulturskulen.

  • DIRIGENT VANGSKORET i 15,00 % stilling. Vangskoret har som mål:
  • Å skape interesse for god korsong
  • Å arbeide for musikalsk utvikling
  • Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
  • Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
  • Å utvikle gleda ved song saman med andre

Me søkjer ein dirigent som kan leie koret i arbeidet mot dette målet, og som også vil arbeide for rekruttering av yngre medlemmer.

  • PIANO-AKKOMPAGNEMENT i 3,85 % stilling på Vangsheimen

     

Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3 årig høgskuleutdanning
  • Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
  • Gode samarbeidsevner

    Personlig eignaheit vil bli vektlagt

    Me tilbyr:

  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

     

    NB: Stillinga kan gjerne kombinerast med utlyst stilling som kantor ved Vang kyrkjelege fellesråd. Me oppmoda derfor interesserte til å søkje på begge stillingane.

    Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av kulturskulerektor Oddbjørn Skeie tlf. 61 36 94 23.

    Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

    Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 18/440

     

    Søknadsfrist: Fredag 10.august 2018