Assistent ved Vaksenopplæringa – arkivsak nr. 18/474

Det er ledig ca 22 % vikariat som assistent innan spesialundervisning ved Vaksenopplæringa etter Opplæringslova § 4A-2. Arbeidstid er per tid lagt til mandagar. Vikariatet er ledig frå skulestart tom 03.05.19, med moglegheit for forlenging.

Kvalifikasjonskrav:

  • Ynskjelig med relevant fagutdanning/fagbrev.
  • Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formell kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv innstilling og godt humør

Personleg eignaheit vert vektlagt.

 

Me tilbyr

  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar og løn etter tariff.
  • Kommunen har personalbustadar for leige

     

Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Nærare opplysningar om stilling får de ved å ta kontakt med rådgjevar Solveig Rønneberg på tlf. 61369421 eller etatsjef Tommy Stordal på tlf. 61 36 94 20.

Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 18/474 sendast elektronisk.

Søknadsfrist: Søndag 5.august 2018